Tillitsvalgte
Alle medlemmer kan veljast til tillitsverv i Felleskjøpet Rogaland Agder SA, men har rett til å nekte attval for ein ny valperiode. Styret kan stryka medlemskapen for medlemmer som motarbeider laget sitt formål.
Val i medlemsmøta
Talet på årsmøterepresentantar frå kvar krins skal fastsetjast med vekt på medlemstal og omsetnad. Styret fastset tid, innkalling og møteprogram og peikar ut møteleiar.
Årsmøte
Årsmøtet er Felleskjøpet Rogaland Agder SA si øvste styremakt. Årsmøtet består av inntil 67 valde representantar frå medlemsmøta og ordførar og medlemsvalde styremedlemmer. Styreleiar og administrerande direktør skal vere til stades på årsmøtet. For gyldige vedtak i årsmøtet krevst at minst 2/3 av representantane med stemmerett er til stades.
Styret
Felleskjøpet Rogaland Agder SA blir leia av eit styre på 6 medlemmer pluss representantar frå dei tilsette. Styret er samansett slik: Styreleiaren, som blir vald fritt mellom medlemmene for 1 år om gongen. Andre medlemsvalde styrerepresentantar utgjer 5. Det skal leggjast vekt på ei god geografisk fordeling av styrerepresentasjonen.
Styret, kontrollkomite og valkomite 2024
Årsmøterepresentanter 2025 (valgt på medlemsmøta 2024)