Hjelp til vurdering av grovfôrkvalitet til hest
Grovfôr er det viktigaste fôrmidlet til hest. Gras er viktigaste av Norsk grovfôr. Gras består av tørrstoff og vatn. Når tørrstoff % auker er graset tørka. For å få det ein kalla lagringstørt høy må TS vera over 85 %.
Alle næringsstoffa er i tørrstoffet. Tørrstoffprosenten har difor stor betydning for kor mange kg grovfôr hesten får i ein rasjon.
- 10 kg fôr med 20 % TS (rått gras eller surfôr) gir 2 kg TS og 8 kg vatn.
- 10 kg fôr med 50 % TS (fortørka ensilasje) gir 5 kg TS og 5kg vatn.
- 10 kg fôr med 85 % TS ( høy) gir 8,5 kg TS og 1,5 kg vatn.
Protein
Gjødslingsmengde, haustetidspunkt i forhold til grasplanten si utvikling og botanisk utval påvirker proteininnhaldet i grovfôret. Godt gjødsla enggras som er tidleg hausta gir høge proteinverdier. Medan dårleg gjødsla ”villgras” som er slått etter blomstring gir svært lågt proteininnhald.
Proteintrongen er høgast til unghest, drektige hopper og hopper som mjølker. Medan ein vaksen hest treng ca 80 gram fordøyelig råprotein pr. FEh. Hesten kan ikkje nyttiggjera seg alt proteinet i fôret, ein tek difor utgangspunkt i fordøyeleg råprotein.
Proteininnhald i grovfôr:
Proteininnhald i grovfôr | Verdi | |
---|---|---|
Svært høgt |
< 115 |
Gram ford. råprotein per kg TS |
Høgt | 91 - 115 | Gram ford. råprotein per kg TS |
Middels | 66 - 90 | Gram ford. råprotein per kg TS |
Lågt | 40 - 65 | Gram ford. råprotein pe. kg TS |
Svært lågt | < 40 | Gram ford. råprotein per kg TS |
NDF (Nautral detergent fiber)
Analysemetoden for fiber kaller vi NDF, tidlegare trevler. Rundt 60% av TS i vanleg høy er NDF. Vi ynskjer mykje fiber i fôret til hest for å oppnå best mulig fordøyelse. Det er hovud grunnen til at vi hauster gras til hest på eit seinare tidspunkt enn t.d. surfôr til ku.
Til hest er eit NDF innhald på 55 – 65 % å føretrekka.
FEh
Fôreining Hest er måleeininga for energikonsentrasjonen pr. kg TS. Det er den som bestemmer kvalitetsklassen på fôret. H1 er beste kvalitet medan H 5 er lite egna til hestafôr
Eksempel
Ein hest skal ha 4 fôreining hest (FEh) frå grovfôr der energiinnhaldet er 0,62 FEh pr.kg TS
I kg TS treng hesten: 4 FEh / 0,62 FEh = 6,45 kg TS.
Høy (85 % TS) 6,45 kg TS/0,85 = 7,5 kg fôr.
Fortørka ensilasje (50% TS) 6,45 kg TS/0,50 = 12,5 kg fôr.
Mineraler
Mineral | Verdi | |
---|---|---|
Kalsium | 2,5 - 5,0 | Gram per kg fôr |
Fosfor | 1,5 - 2,5 | Gram per kg fôr |
Magnesium | 0,6 - 3,0 | Gram per kg fôr |
Kopper | 4 - 10 | Mg per kg fôr |
Sink | 15 - 50 | Mg per kg fôr |
Gjæringskvalitet
Gjæringskvalitet fortel om gjæringsprosessen i surfôr har vore vellukka. Ved grasballer som har TS over 45% vert det ikkje gjæring.